Damelaget til Fitjar fekk ein god start på haustsesongen med 9-4 over Njardar/Tysnes søndag.
Fitjardamene var søndag på Tysnes og haustopning mot Njardar/Tysnes. På ei tung grasmatte kom Fitjar aldri i gang med det heilt store spelet, men stor arbeidsinnsats gjorde at laget kunne ta med seg 3 nye poeng heim til Fitjar.
Allereie etter 20 minutts spel var laget oppe i ein 4 – 1 ledelse, noko som gjorde at det ikkje blei den heilt store spenningen i kampen. Totalt sett ei god opning på hausten der laget viste bra arbeidsmoral.
Eit ekstra pluss til dei to forsvarsspelarane Aina Vestbøstad og Gunn Evy Henriksen og 4-målscoraren på topp Stina Rimmereid.
SERIEKAMP 1. DIV 7-AR AVD 1.
NJARDAR/TYSNES – FITJAR 4 – 9 ( 2 – 5 )
Fitjar sitt lag:
Margareth Hillestad, Aina Vestbøstad, Gunn Evy Henriksen, Anne Kristin Skår, Anne Helene Vestbøstad, Elin Kvia, Stina Rimmereid, Birte Steinsland, Martine Engelsen og Synnøve Helland.
Mål: 3 min. 0 – 1 Stina Rimmereid
8 min. 1 – 1
14 min. 1 – 2 Elin Kvia
16 min. 1 – 3 Stina Rimmereid
19 min. 1 – 4 Anne Kristin Skår
23 min. 2 – 4
39 min. 2 – 5 Elin Kvia
59 min. 2 – 6 Anne Kristin Skår
65 min. 2 – 7 Anne Helene Vestbøstad
66 min. 2 – 8 Stina Rimmereid
83 min. 3 – 8
85 min. 3 – 9 Stina Rimmereid
88 min. 4 – 9