I dagens 1.-divisjonsoppgjer mot Bremnes var Fitjar-damene suverene, og kom heim med tre poeng etter siger 10-1.

Fitjardamene avslutta ein flott vårsesong med å nedsabla Bremnes med 10-1 på krøllgraset på Sentralidrettsannlegget søndag ettermiddag. Med fem nye spelarar i startoppstillinga frå forrige helgs storseier mot Telavåg, viser det at Fitjar i år har stor bredde og mange gode spelarar og velja mellom. Spesielt gledeleg er alle dei unge spelarane som kjem opp.

Britt Lise Volden i storslag punkterte kampen tidleg, etter 23 min hadde ho banka tre baller i nettet, og Fitjar leia 5-0. Etter halvtimen må Britt Lise melda pass og hinka skadd av banen etter ein smell i akillessena. To scoringer signert Stina Rimmereid på slutten av 1 omgang, gjer at Fitjar tar med seg ein solid 7 – 0 ledelse til pause.

Fitjardamene var ekstremt effektive i første omgang og scora på omtrent alt dei hadde av målsjansar. Andre omgang blir eit lite antiklimaks, men laget legg inn eit ekstra gir på slutten og «surfar» inn til nok ein storseier, og tabelltopp etter halvspela serie.