Fitjar sine fotballdamer hadde ikkje marginane med seg då dei møtte serieleiar Frøya torsdag kveld, og tapte så klart som 1-7.

Rapportane frå kampen fortel at skilnaden på laga ikkje var så stor som resultatet skulle tilseia. Men Frøya scora på sine sjansar, medan Fitjar bomma på sine. Trøystemålet til Fitjar kom på slutten, ikkje uventa av storscorar Britt Lise O. Volden.

Fitjar stilte med desse spelarane: Elin Kvia, Synnøve Helland, Martine Hareide, Anne Helene S. Vestbøstad, Martine Engelsen, Gro Hatlevik og Britt Lise O. Volden, Torill Solbakken og Nina Aarbø.