Fotballdamene til Fitjar slo Selbjørn i den første av to kampar om kretsmesterskapet i Hordaland for kvinner 7ar på kunstgraset laurdag ettermiddag. Dermed har dei eit godt utgangspunkt før den andre KM-kampen, som går mot Frøya i Bergen om to veker.

Det skulle frå første spark på ballen vise seg å bli ein tett og tøff kamp. Fitjar kom best i gang, og etter 8 minutt kjem Gro Hatlevik seg glimrande fri på høgre kanten, innlegget møter Britt Lise Volden på direkten og Fitjar tar ledelsen 1 – 0. Resten av første omgang føregår mykje av spelet ute på banen, der begge lag slit med å komma til dei heilt store sjansane. Selbjørn trykker kraftig på for utlikning minuttane før pause, men keeper Margareth Hillestad tar det som kjem og laget tar med seg ein litt heldig ledelse til pause.

I den andre omgangen føregår mykje av spelet på Fitjar sin banehalvdel, men Fitjar-forsvaret med Aina Vestbøstad og Gunn Evy Henriksen ryddar opp i det meste som kjem. Utover i omgangen får Fitjar fleire gode overganger og med litt meir nøyaktighet i den siste pasningen kunne Fitjar fort scora både eit og to mål til.


Når toppscorer Britt Lise Volden legg på til 2-0 kvarteret før slutt går litt av «guffen» ut av Selbjørnslaget og Fitjardamene «rir» av stormen på slutten. Alt i alt la heile Fitjarlaget ned ein kjempeinnsats og har fått eit veldig godt utgangspunkt før siste KM-kamp borte mot Frøya.