Fitjar-damene opna haustsesongen med tre poeng mot eit godt Frøya-lag på kunstgraset søndag ettermiddag.

Fitjar-damene opna haustsesongen med tre poeng mot eit godt Frøya-lag på kunstgraset. Det første kvarteret veksla spelet att og fram før Fitjar-damene varta opp med flott angrepsspel og hamra inn 3 mål på 10 minutt. Alle signert Stina Rimmereid, som seinare måtte gå av banen med ein skade i handleddet.Fitjar-damene kom aldri i gang med pasningsspelet sitt i kampen, noko som eit aggressivt og godt Frøya-lag skal ha sin del av æra for. Før dommaren blåste til pause hadde Frøya redusert to gonger.

Andre omgang var jamspelt der begge lag var frampå fleire gonger. 20 min av andre omgang utlikna Frøya til 3-3. Britt Lise Volden var frampå og lufta skuddfoten fleire gonger i andre omgang, og det var ikkje ufortent at det var ho som dunka inn vinnarmålet på frispark 12 min. før slutt.

Stor arbeidsinnsats av heile laget på slutten berga tre nye poeng til Fitjar-damene.