Måndag ettermiddag reiser fotballdamene frå Fitjar IL til Austevoll for å kjempa om krinsmeisterskapen i fotball.

Som i fjor har Fitjar-damene vunne puljen sin i 1. divisjon for damer, 7-arfotball. Og dei to sluttspelkampane går mot Selbjørn og Frøya, som også i år har vunne dei to andre puljane.

Måndag ettermiddag reiser damene til Austevoll for revansjeoppgjer mot Selbjørn. Eit lag som har vunne alle seriekampane sine i år. Og som bl.a. stiller med Ingrid Stenevik som spelar på det norske landslaget i 15-årsklassen.

Men også Fitjar stiller med eit sterkt mannskap, og håper på eit godt utgangspunkt før den siste og avgjerande kampen mot Frøya. Melder suksesstrenar Stein Gunnar Halleråker.