Fotballdamene til Fitjar IL måtte igjen fram med kuleramma under fredagens heimekamp mot Telavåg; dei gav seg ikkje før det stod 13-1.

Fitjardamene møtte Telavåg i ein utsett kamp på kunstgraset fredag kveld. Eit Fitjar-lag i scoringsform gjorde at kuleramma måtte fram igjen, og laget gav seg ikkje før dei hadde banka inn heile 13 nye mål på heimebane.

Det var ein kamp der laget svinga litt i prestasjon, men i dei periodar der laget fekk ballen til å rulla, spelte laget god fotball, og måla rant inn. Heile laget gjorde ein veldig god kamp, og med seier borte mot Bremnes i siste kamp før ferien vil laget toppa tabellen etter halvspelt serie.