Den innandørs-fotballcupen, Wärtsilä-cup,  er no i full sving i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

– Me er her fordi me likar fotball, seier Heine og Rolf der me treff dei i foajeen, og dei var langt frå åleine. Då me er innom ein times tid etter første avspark er folkefesten og fotballgleda godt i gang.

Tribunen er fullsatt av fotballinteresserte folk i alle aldrar. Laga er delt inn i tre ulike klassar: Open klasse, dame og  elite, som igjen er delt inn i puljer. Kvart lag spelar mellom 3 og 4 innleiande kampar i løpet av kvelden, natta og morgondagen før det vert semifinalar, bronsefinalar og finalar i morgon ettermiddag. Totalt 60 kampar skal spelast, så her vert det mykje fotballspenning.

Det er høgt tempo på banen, og Håkelklubben har godt taket på B-gjengen. Kvar kamp er på 15 minutt, så her skiftar det raskt. Bakken går ut mot Gullskar, og denne gongen vert det nettkjenning på begge sider og høgt tempo. Jaktlaget og Torpedo spelar etterpå ein jevn kamp der Torpedo til slutt går av med sigeren med 4 mål mot Jaktlaget sine 3. Nye lag og spelerar står klar på sidelinja, og slik skal det fortsetja ut i dei seine timar.

To av dei som gledde seg over sigeren til Torpedo er Heine Storevik og Rolf Solli som er her for å sjå på fotballkampar og å heia på Torpedo, for der er fotballtrenaren deira Kjell Træet med. Og Kjell er, ifølgje gutane, ganske så god. Viss kampane ikkje er så spennande tar dei fram ein ball og øver seg litt sjølv i ein krok. Her skal det vera kampar heilt fram til klokka 2 i natt, men gutane trur dei må heim i 10-11-tida, men så skal dei stå opp klokka 8 i morgon og rett til hallen for å sjå på meir fotball.

I morgon tek det til med kampar allereie klokka 07.00.  Det kan bli lange dagar og for dei som treng noko påfyll av energi er det sal av mat i foajeen. I kveld er det Sonja Fitjar Waage og Anne Helene Vestbøstad som har kiosk-vakt. Dette er eit av dei tre verkeleg store arrangementa til fotballgruppa, saman med Spar-cupen og vintercupen, og kiosk-salet er ei vikitg inntektskjelde for laget. Sonja, som er leiar i fotballgruppa rosar alle dei positve folka som stiller opp  på det dei vert sett opp på anten det er kakebaking, kioskvakt eller anna.

Dei minste som er metta av fotball for i kveld kan sitja bak kiosken å sjå på barnetv eller spela bordtennis. Det er så lettvindt, seier mødrene, som vil ha med seg mest mogleg av fotball- og folkefesten. 

Finalane går i morgon klokka 17.15 (Open klasse), 17.30 (Dame) og 17.45 (Elite), så er det premieutdeling før det er bankett på Fitjar fjordhotell om kvelden.