Fotballgruppa arrangerte turnering som sesongavslutning for 5. – 7. klasse onsdag ettermiddag.

Fotballfolket blei velsigna med det finaste vêret i manns minne då dei samlast på kunstgraset til sesongavslutning for 10-12-åringar onsdag. Det blei arrangert turnering for 34 gutar, som blei fordelte på fem engelske lag, Liverpool, Manchester United, Tottenham, Arsenal og Chelsea. Og for 36 jenter, fordelte på dei fem norske laga Brann, Rosenborg, Ålesund, Viking og Haugesund. Alle laga blei sette saman av spelarar frå ulike alderssteg, 5., 6. og 7. klasse.

Trenarar for dei ulike laga, foreldre og andre ja-menneske i fotballgruppa fekk ansvaret for kvar sitt lag gjennom turneringa. Alle fekk spela fire innleiande kampar, nr. 1 + nr. 2 møttest til slutt i ein finale, mens nr. 3 + nr. 4 spelte ein bronsefinale. Kampane blei leia av dommarar frå gutar 98.

Etter turneringa var det pølser og brus laga til av Sonja Fitjar Waage og Mona A. Traa. Og naturlegvis fekk alle spelaraqne kvar sin medalje og sjokolade som premie. Rune Brakedal gjorde jobben med kampoppsettet, mens Anne Helene Vestbøstad ordna med godt vêr.

Fotballglede og yrande liv på kunsten, fortel Anne Helene Vestbøstad i fotballgruppa. Ho gler seg over stort engasjement blant fotballgutar og jenter i eit samlande arrangement for trenarar og spelarar i fotballgruppa.