Firarbanden som skal ha ansvaret for A-laget til neste år, f.v. Leif Tore Aarland, Jan Åge Tislevoll, Åsmund Sørfonn og Torbjørn Korsvik. Foto: Kjetil Rydland.

Som kjent rykte A-laget til Fitjar IL ned til 6. divisjon i 2018-sesongen, men no har to lag trekt seg i seriesystemet, og dermed blir det plass til Fitjar i årets 5. divisjon i Hordaland.

Det er ein godt fornøgd A-lagstrenar for Fitjar, Jan Åge Tislevoll, som fortel dette i dag. No er det endeleg klart at Fitjar får plass i 5. divisjon menn avd. 02 Hordaland 2019.

Her skal Fitjar møta nesten berre lag frå Bergen. Det er ingen lag frå Stordøya i puljen; den nærmaste naboen er Austevoll IK, som rykte ned frå 4. divisjon i fjor. Elles er vel Søfteland den nærmaste motstandaren.

Ein annan motstandar i puljen er Vaksdal, som fekk plassen etter at Stord ikkje melde på toarlaget sitt før jul. Fitjar var på andreplass i «køen» for å få behalda plassen i 5. divisjon, og fekk tilbodet då Odda trekte laget sitt i 4. divisjon. Den gamle storklubben i Hardanger sit att med eit seniorlag i 7. divisjon.

Dermed blei det ein svært kort visitt i 6. divisjon i denne omgangen. Førre tysdag var A-lagstrenar Jan Åge Tislevoll i Bergen og fekk tilpassa terminlista til Fitjar sine behov. Men no viser det seg altså at den jobben var forgjeves. No vonar Jan Åge at han får flytta enkelte kampar i 5. divisjon.

Men det som alt er klart, er at det blir fleire seriekampar enn i 6. divisjon, og serien begynner noko tidlegare. Det ser ut til at Fitjar skal opna i Bergen mot Vadmyra 9. april. Og siste kampen går 25. oktober mot Tornado Bergen på bortebane.

Jan Åge fortel at A-lagstreningane er komne godt i gang, og dei har vore 15-16 mann på alle treningane så langt. Men han reknar ikkje med å ha meir folk enn han treng. Han vil også ha tilgang på sju-åtte juniorar som skal spela på eit samarbeidslag mellom Fitjar og Solid.

Etter det me forstår, er A-lagstrenaren letta over å sleppa den tunge vegen ned i 6. divisjon. No kan me sjå fram til ein sesong med brukbare motstandarar og assistentdommarar på linjene!

- Annonse -