Vintercup`en på Fitjar er for barskingar. Og barskingane let seg ikkje stoppa av verken vind, regn eller hagl på tvers.

Så bildet ovanfor lyg ikkje heilt lite. Det er teken under eit opphald i bygene laurdag føremiddag, men fredagskvelden var forholda reint ut ufyselege. Likevel gjennomførte ein kampane. Det imponerer oss. Åtte lag stilte i herreklassen, og fire i dameklassen. I dameklassen gjekk Vestbøstad/Kalveid til topps, mens Stratos, frå Stranda /Osternes, vann herreklassen.

Resultat:

Damer
1. Vestbøstad/Kalveid
2. Øvrebygda
3. Stratos/Resten
4. Bakken/Havn

 

Herrer
1.Stratos
2.Sentrum
3.Vestbøstad 2
4.Fitjarstølane
5.Bakken
6.Havn
7.Vestbøstad 1
8. Storavatnet


Storavatnet fekk fair-play-prisen fordi dei heile tida rullerte på laget, slik at alle fekk vera med.