To heile dagar til ende stod dei på, 7–10-åringane som denne helga hadde omfattande fotballturnering i Fitjar Idrettspark.

Unge er dei, men nokre av dei synte likevel fram taktar som vitnar om komande stortalent.

-Fitjar turneringa ei fotballturnering for årsklassane 96-99, jenter og gutar.
I år er det rekordstor oppslutning, 61 påmeldte lag. Noko som betyr at rundt 5-600 barn har vore i aktivitet på grasbana desse to dagane, fortel Ketil Fykse til Fitjarposten.no.
I alt vart det spelt rundt 90 kampar, og fotballgruppa nytta eigne rekruttar som dommarar.

Tradisjonelt er det lag frå Stord-øya som deltek, men i år var det ekstra gledeleg å kunne ønskja velkomen mange lag frå Austevoll, Selbjørn og Hundvåkøy òg.

-Gledeleg er òg å sjå at talet på jentelag er aukande, legg Fykse til.

Mange foreldre følgde kampane frå sidelinja . Foto: Håkon C. Hartvedt