Sjuåringane i Fitjar Grøn spelte sin aller første fotballkamp i Spar Fitjar Cup i dag. Til saman var rundt 550 deltakarar i aksjon.

Om dei ikkje hadde spelt før, mangla ikkje talenta. Eit av dei er Filip Rimmereid. Guten har mykje fotball i seg og var ikkje lett å stoppe for dei like unge Trott-spelarane, som var Fitjar Grøn sine motstandarar. Så vart det frispark!

– Det var det gøyaste av alt, sa Filip til fitjarposten.no etter kampen, og strålte av rein idrettsglede.

Kasper Fitjar skåra mål i første omgang og var keeper i den andre.

– Gøy å spele både ute og i mål, sa han.

Resultatet av kampen var at Fitjar Grøn slo Trott 2-1. Det var ein lagsiger. Flott innsats av heile gjengen.

– Kjempegreier, smiler trenar Idar Rimmereid.

– Dei har «gledd seg ihel» til denne turneringa, og då er det jo kjempegøy at dei startar med siger.

Brynjar Skår Bergesen var ein av dei som følgde med og gav råd til dei unge domarane som debuterte denne helga.
– Sjølv om dei framleis har ein del å lære, synest eg dei er flinke, sa han.

Leiar i fotballgruppa i Fitjar IL, Gisle Levåg, kunne fortelje at turneringa gjekk etter planen.

– Men eg vil gjerne nytte høvet til å rose alle dugnadsarbeidarane som har gjort denne turneringa mogeleg. Dei har gjort ein fenomenal innsats, sa han.