Seksåringane i Øvrebygda klar til skulestart.

Endeleg var dagen komen då den nye ranselen skulle takast i bruk. Fire gutar og seks jenter møtte opp til sin første

skuledag i går.  I klasserommet fekk dei plass ved sida av elevane i 2. klasse. Desse seksten elevane blir rekna som

ei klasse med  to kontaktlærarar felles for alle. Elevane vart kjende med kvarandre og lærarane på førskuleopplegg i

vår. Det gir tryggleik for spente førsteklassingar som gleder seg til læring og leik både inne og ute. 

Rektor Sigbjørn Aarland seier at denne hausten set ein i gong med tilbod om leksehjelp for 1. – 4. klasse. Elles er

det gledeleg med  auka elevtal. No er det 61 elevar på Øvrebygda skule..

best steroids