Illustrasjonsfoto: KS

I januar er om lag 13.400 personar registrerte som heilt ledige i Vestland. Dette er ein auke på vel 1000 personar frå desember. Arbeidsløysa i fylket er no på 3,9 prosent.

Trass auka i talet på ledige ser situasjonen lysare ut framover, ifølge den nyaste prognosen for arbeidsmarknaden i Vestland i 2021.

– Dei økonomiske indikatorane peikar mot at 2021 vert eit år med vekst, kor ein del av det ein tapte i 2020 vert henta inn att. Vi venter at talet på ledige går ned med rundt 33 prosent i år, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.

Ho legg til at prognosen legg til grunn at samfunnet ikkje vert stengt ned på nytt, og at dei fleste restriksjonane i samband med koronapandemien etter kvart vert letta.

– Grip sjansen til å ta utdanning

I januar er det over 6.000 ledige stillingar i Vestland. Sjølv om mange ledige etter kvart vil vende attende til arbeidslivet, vil krava til omstilling vere store.

– Mange vil ha behov for å anten ta ei ny utdanning, fullføre avbroten utdanning eller fylle på kompetansen på andre måtar. Endringar i dagpengeregelverket gjer det no mogeleg å kombinere dagpengar med utdanning, seier Bogsnes.

I Vestland tilbyr fylkeskommunen gratis vitnemål eller fagbrev til permitterte og arbeidsledige. Fagskular, studieforbund og andre opplæringsaktørar har òg oppretta utdanningstilbod til næringar som er særleg ramma av restriksjonar i samband med koronaviruset.

– Vi oppmodar alle ledige og permitterte om å vurdere desse mogelegheitene, seier Bogsnes.

Reiseliv og transport har flest ledige med 2.781 personar. Deretter følgjer serviceyrke, butikk- og salsarbeid, og bygg og anlegg. I Vestland er det færrast ledige innan akademiske yrke og jordbruk, skogbruk og fiske.