Ei einsleg gås i solskin på Kvednavatnet er nok eit syn som gler bonden meir enn store flokkar som et opp graset hans. Foto: Kjetil Rydland.

Viltforvaltar i Austevoll, Fitjar og Stord, Gunnar Kleive, ser fram til å få på plass ein forvaltningsplan for grågås til neste år, men kanskje kan laser løysa heile problemet?

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor har merka seg kritikken frå Dyrenes Rett av korleis gåsa blir behandla på våre kantar. Viltforvaltar Gunnar Kleive fortel til Fitjarposten at talet på skadeløyve som har blitt gitt i Fitjar i år, er 20.

No har han fått klarsignal til å gå i gang med ein felles forvaltningsplan for grågås for Stord og Fitjar kommunar. Han reknar med at den vil vera på plass til neste år.

Når det gjeld forslaget om å bruka laser til å skremma bort gåsa, har viltforvaltaren for lite erfaring til å uttala seg. Men Arvid Klubben i Sandnes-firmaet Vestflow meiner han har løysinga for gåseplaga bønder.

Firmaet hans har utvikla sin eigen laser – Birdlaser Portable – som kan brukast til å skremma vekk gjæsene. Klubben fortel om ein bonde i Tysvær som var ille plaga av gjæser i fjor, men som har løyst problemet i år, etter at han skaffa seg laser.

Kor langt gjæsene fyk etter at du skremmer dei med laseren, varierer, og Klubben vedgår at dei gjerne flyr over til naboen. Og då er jo ikkje heile problemet løyst … Men Klubben viser til eit tilfelle i Kvæfjord som ser ut til å vera svært vellykka.

Her har grunneigarlaget investert i laser og fått grågåsa til å opphalda seg på ein holme der det ikkje bur folk. Her beitar gjæsene ned arealet før dei flyr vidare, og seinare veks graset godt på grunn av gjødsla. Altså ein vinn vinn-situasjon.

Etter det me forstår, kostar ein slik laser nokre kroner, og me har ikkje høyrt om fitjarbønder som går med planar om å kjøpa ein slik. Om laser eller ein ny forvaltningsplan for grågås vil løysa problemet i Fitjar, gjenstår å sjå.

Gjæser i solnedgang over Nordstølen på Rydland. Foto: Kjetil Rydland.