I Dåfjorden er frustrasjonen over dårleg kvalitet på vatnet på bristepunktet. Les innlegget frå ein av våre lesarar.

-Hei Fitjarposten!
Eg berre MÅ ta kontakt med eit medium som eg veit kan nå ut til dei som har noko med mi sak å gjere, for no e smertegrensa nådd…..

Me har venta og venta og venta på få få kjærkoment, reint, trygt og godt vatn frå Svartavatnet. Etter mange kokerundar med vatn, øydelagde klede og ikkje minst blandebatteri som må bytast pga. humus som tettar til i krikar og krokar, har me tolmodig venta på klarsignalet: -No er de tilkopla!!!

Men, nei – me vart lovde at i slutten av august skulle vatnet vere på plass. No skriv med 27. oktober og endar atter ein gong opp med å få kokevarsel som beskjed.

Vatnet er totalt ubrukeleg…. Kva skal me gjere? Skal me tore vaske hendene før me til dømes skal ta i ferske matvarer (kyllingfilet, fisk el.l.)? For kven veit om hendene er reinare etter vask enn før??? Eg berre spør.

Me er reint fortvila over korleis kvitvasken vår ser ut… vatnet er like brunt som etter å ha vore på eit durabeleg dobesøk. For å vise kva me har å stri med legg eg ved bilde av eit nyvaska do med nyskylt doskål, og eit bilde der eg har sett proppen i vasken og tappar i reint vatn… ja viss me kan kalla det reint.

NO MÅ DET SKJE NOKO – PÅ FLEKKEN!!!

 

 Helsing fortvila og sint Dåfjording