Kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland i Fitjar kommune reagerer sterkt på tittelen i dagens hovudsak i bladet Sunnhordland. – Eg føler meg overkøyrt, seier ho.

Tittelen på hovudsaka lyder: «Tilflyttarar må klare seg sjølv». – Det har eg aldri sagt! Det eg har sagt er at me diverre enno ikkje har eit fast opplegg i form av ein velkomstpakke når nye folk kjem til bygda. Men det er ikkje det same som at folk må klare seg sjølv, seier ho og fortset:

– Når innbyggjarane kjem til Fitjar, vil dei få hjelp og informasjon i kommunen om alle rettar dei har krav på. I tillegg er det eit rikt tilbod av lag og organisasjonar ein kan melde seg inn i om ein ønskjer større kontaktflate. Me føler òg at me har eit godt tilbod til innflyttarane og innbyggjarane med full barnehagedekning, gode skular og ei god pleie- og omsorgsordning – og Ikkje minst har me eit rikt kulturliv.

Når dette er sagt jobbar me samstundes for å få til eit fast opplegg for nye innbyggjarar så dei skal føle seg velkomne når dei kjem til bygda.

Fitjarposten har hatt kontakt med redaktør Magne Kydland i Bladet Sunnhordland som kjem med følgjande kommentar:

– Eg registrerer at Bente Bjelland ikkje er nøgd med tittel og vinkling på saka, og tek det til etterretning. Utover det har eg ingen kommentar til saka, anna enn at Bjelland har hatt saka til gjennomlesing og har fått kome med sine merknader før det vart sett på trykk.

I ein kommentar til dette seier Bente Bjelland at ho fekk lese brødteksten til artikkelen, men tittelen visste ho ikkje noko om før ho såg han på trykk.