Svein Olav B. Langåker og Awa Rahimpour framfor eit bilete som var for dristig då det blei stilt ut i Iran. Foto: Kjetil Rydland.

Rundt eit trettitals fotointeresserte møtte opp i søndagens sommarvarme for å få med seg opninga av utstillinga «Fortsetjinga følger», som Stord fotoklubb arrangerer saman med den unge kunstnaren Awa Rahimpour.

Leiaren i Stord fotoklubb, Svein Olav Langåker, stod for opninga av dagens fotoutstilling. Han presenterte bileta og kunstnaren Awa Rahimpour, som er medlem i fotoklubben. For å kasta glans over opninga las Einar Økland eigne dikt, og Cecilie Anna spela og song engelske versjonar av dei sama dikta. Vemodig vakkert i sommarvarmen.

Einar Økland las eigne dikt om tre før Cecilie Anna spelte og song engelske versjonar av dei same dikta. Foto: Kjetil Rydland.

Dagens utstillar fortel at ho kom som aylsøkjar til Noreg frå Iran, der ho var truga med å bli tvangsgift. I Iran er ho utdanna innan industridesign, og ho har arbeidd med design og kunst i heimlandet sitt. På Stord kom ho i kontakt med Stord fotoklubb, som skipar til denne utstillinga saman med henne.

Svein Olav Langåker fortel at dei fleste av bileta i utstillinga er frå Iran, og det er ikkje alle det var lov å ta. Fleire er sjølvportrett, som ho har teke med sjølvutøløysar. Eitt av dei er av ryggen hennar, og det blei altfor dristig for læraren hennar på universitetet i Iran. Det var med på ei utstilling ho hadde på skulen, men læraren reiv det ned frå veggen!

Awa Rahimpour er 27 år gammal, og kom til Noreg for snart tre år sidan. Ho har hatt fleire jobbar sidan ho kom hit til landet, men ho har mist dei etter at ho fekk avslag på asylsøknaden sin. Ho har lært norsk på vaksenopplæringa på Stord, og har blitt rett så flink i nynorsk. – Eg elskar nynorsk! seier ho og smiler.

Awa håpar at ho får opphaldsløyve i Noreg slik at ho kan få lov til å arbeida og studera. Inntektene frå utstillinga går til Awa si sak i rettssystemet, der ho kjempar for å få opphaldsløyve i Noreg.

Utstillinga er open i dag, søndag 14. august, fram til klokka halv seks. Ho vil òg vera open nesten kvar dag i perioden 17. til 28. august. Opningstidene står å lesa på Facebook-sida til Stord fotoklubb.

Rundt eit trettitals fotointeresserte hadde funne vegen til Galleri Losjen i sommarvarmen. Foto: Kjetil Rydland.
Blant dei skodelystne fann me naturlegvis Helge Haaland og Lars Fylkesnes. Foto: Kjetil Rydland.