Regnet til trass vart det ei stemningsfull og fin jonsokfeiring på Nesbø. Som biletet syner var det heller ikkje problem med å få full fyr i bålet. Første  delen av feiringa fann rett nok stad på låven til Per Magne Torvund, men etter kvart betra vêret seg, slik at ein kunne fortsetja feiringa nede ved vatnet.