Heidi Særvold blei overraska med  ein pris for sin omfattande dugnadsinnsats, under opninga av Fitjarfestivalen.

 Sissel Jørgensen fekk æra av å dela ut Roy Tores minnepris, etter Roy Tore Torvund, som var leiar for dei første festivalane, men sidan gjekk bort. I hans ære er det no oppretta ein pris for å heidra framifrå dugnadsånd. Og årets vinnar blei altså Heidi Særvold, som blei omtalt som ei kvinne som ofte er i kulissane og utfører oppgåvene sine i det stille. Jørgensen uttrykte at ho er stolt over å bu i ein kommune der dugnadsånda framleis lever i beste velgåande, og med slike representantar som Særvold.

 

Ingressbiletet: Heidi Særvold med statuett og diplom som handfaste prov på at innsatsen hennar blir sett pris på. Foto: Arne Vestbøstad