I samband med Fitjarfestivalen er det duka for forteljarstund/eventyrstund med Kari Bolette Lundal både laurdag og søndag, og søndagen er det storstilt opplegg på Prestbø gard. Illustrasjonsfoto: Her er det bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen som les. Foto:FP-arkiv/HCH

Kari Bolette Lundal er ein av dei aller beste formidlarane for barn her på øya, og ho er å høyre laurdag kl 13.00 hos Kafeen i Larsenbygget der det òg er barneparkering frå klokka 10.00 – 17.00 denne dagen. Søndagen har ho eventyrstund på Prestbø gard kl 17.30. Opplegget passar kanskje best for barn for 4 år og oppover, men yngre kan sjølvsagt òg vere med.

På Prestbø gard er det denne dagen òg utebibliotek frå kl 15.30 – 18.30, og i løpet av denne tida vert det òg lagt opp til ei rekkje aktivitetar, som: Ope fitjarmeisterskap i morellsteinspytting, natursti, eksperiment og aktivitetar – og høve til å lage sin eigen is.

I tillegg vert det høve til sjølvplukk av både bringebær og Fitjarpotet.

 

Foto: Håkon C. Hartvedt