Foto: Helen Petersen/Sunnhordland museum

PS Bryggekafe inviterer til forteljarkveld med Johanne Øvstebø Tvedten den 22.februar i Kråko.

Formidlingsleiaren ved Sunnhordland museum framfører forteljingar frå Karin Marie Korsvik sitt liv. Om lengten etter mor og far, og om eit tyskerbarn sin oppvekst på Fitjar like etter krigen.

«Det var stjerneklart og kaldt. Det var januar 1945, og eg sat på bussen ilag med mormor. Ho hadde kledd meg i tjukke klede, for veslejenta måtte ikkje fryse. Resten av kleda mine hadde ho pakka i ein liten koffert. I februar ville eg fylle tre år, det gledde eg meg til. Bussen stoppa, og mormor heldt meg godt i handa. Her ved skiltet til Kåløyholmen skulle me av…»

– Slik startar artikkelen Tvedten skreiv om Karin Marie Korsvik sitt liv i Sunnhordland Årbok 2017. Boka inneheld forteljingane til fire personar i Sunnhordland som mista mor eller far tidleg, eller ikkje fekk vere ilag med dei så mykje dei ynskte, skriv Jorunn Hernes i ei pressemelding.

Mor til Karin Marie var berre 17 år i 1941 då ho blei kjend med den vakre og høflege tyske soldaten i Bergen, og året etter blei Karin Marie fødd.

– Det skulle bli ein vanskeleg barndom med mykje lengting for den vesle lyshåra jenta, for krigen endra alle planar som foreldra hennar hadde lagt. Likevel kan livet snu, og føra med seg både overraskingar og gode, lyse dagar.  Og no veks der berre blomar og gras på gravplassen der far hennar blei lagt.

Hernes gler seg til kvelden, og håpar mange tek turen til hendinga som startar kl.18.00

– Johanne Øvstebø Tvedten kan trollbinda med si forteljarevne, og det vert ekstra spesielt når det er sanne forteljingar frå hendingar i Fitjar si nære historie me får høve til å lytta til, avsluttar Hernes.