Representantane stråla om kapp med sola. Framme f.v.: Inger Marit Larsen og Anne Kvalheim(Røde Kors), Ole Bergesen(Fitjar teaterlag), Sigrid Fangel(Fitjar kyrkje). 2.rekke: Rune Sandvik(2004-kullet), Elisabeth Vågen(Fitjar racingteam), Ellinor Bergesen(Fitjar frivilligsentral), Vidar Aarskog(Fitjar IL). 3.rekke: Ida Marie Sandvik(2004-kullet), Birte Steinsland(Fitjar bygdeungdomslag), Anna-Bodil Hestenes Tislevoll(Fitjar skytterlag), Rune Brakedal(Vestbøstad vel). 4.rekke: Eli Simonsen(Temakveldgruppa), Arnhild Raunholm(Fitjar skulekorps), Charlotte Ayoe Levåg(MOT), Eva Pernille Tufteland(Eldrerådet). 5.rekke: Kristian Skumsnes(Osternes grendalag), Therese Nysæther, Annar Westerheim(Dåfjorden vel), Torleif Meling(Slåtterøy fyr), Svein Olav Raunholm(Fitjar musikklag), Ragnhild Prestbø(Fitjar Mållag), John Arvid Skumsnes(Fitjar sogelag), Frida Sunniva Aase(Søre Stølen vel), Agnar Aarskog.

– Då har eg delt ut ein halv million kroner. Det var fort gjort, var orda til Agnar Aarskog, styreleiar i Fitjar Kraftlag, etter Kraftlaget si årlege pengeutdeling.

Fitjar Kraftlag dela i år ut 550.000 kr til lag og organisasjonar. Både Aarskog og Therese Nysæther, dagleg leiar i Fitjar Kraftlag, håpar ein i åra framover kan dela ut enno meir pengar til lag og organisasjonar.

Heile 21 små og store organisasjonar fekk midlar ved kveldens utdeling, alle med ein ting til felles; dei utviklar Fitjar. Fitjar Kraftlag har som mål å gje att til Fitjarsamfunnet, og stør initiativ som kan koma alle på Fitjar til gode.

– Dette er den største dagen i året for meg, sa Aarskog, som hadde æra av å ropa opp eit og eit lag under tildelinga.

Med 21 lag fekk ein eit vidt spektrum av organisasjonar, og tiltak for alle aldersgrupper fekk stønad. Søre Stølen velforeining fekk midlar til lekeplass, Stiftinga Fitjar Frivilligsentral fekk midlar til ope hus for ungdom, og Fitjar eldreråd fekk midlar til eldredagen.

Fitjar teaterlag fekk 50.000 til lysutstyr. Dette skal vera tilgjengelig i kultursalen, og kan dermed koma mange andre organisasjonar til gode.

Representantar frå dei 21 organisasjonane takka for stønaden, og tok nøgd med seg midlane attende til sine lag.

Her er heile lista over kven som fekk stønad:

2004-kullet Rimbareid skule 24 000,-
Stord Røde Kors Barnehjelpen 5 000,-
Fitjar Idrettslag 120 000,-
Stiftinga Fitjar Frivilligsentral 25 000,-
Søre Stølen velforeining 10 000,-
Fitjar Bygdeungdomslag 50 000,-
Vestbøstad vel 50 000,-
Temakveldgruppa 5 000,-
Fitjar racingteam 10 000,-
MOT Fitjar 6 000,-
Fitjar Teaterlag 50 000,-
Fitjar kyrkje diakoninemnda 10 000,-
Fitjar skytterlag 25 000,-
Fitjar Mållag 5 000,-
Fitjar Eldreråd 10 000,-
Fitjar sogelag 15 000,-
Dåfjorden velforeining 20 000,-
Osternes grendalag 20 000,-
Venner av Slåtterøy fyr 20 000,-
Redningsselskapet RS Ung Stord 10 000,-
Fitjar skulekorps og Fitjar musikklag 60 000,-