Torsdag ettermiddag blei det full stopp på kontoret til kommunelege Tore Eikeland etter at Fitjar hadde blitt råka av den verste haglbya i manns minne.

I det kraftige torevêret i tretida torsdag ettermiddag kom hundreårets haglbye over Fitjar sentrum. Sjølv om temperaturen hadde lege oppunder 20 grader utover dagen, kom mykje av nedbøren som hagl, og det låg kvitt over Fitjar sentrum.


Parkeringsplassen i Fitjar sentrum kl. 15.20 torsdag. Foto: Kjetil Rydland.

Verst gjekk det ofselege vêret ut over Fitjar rådhus, og kontoret til kommunelege Tore Eikeland. Det blei rett og slett for mykje nedbør frå rådhustaket, seier brannsjef Tore Nesbø, og vatnet slo opp i andre etasje i rådhuset. Og på få minutt blei legekontoret og andre delar av rådhuset overfløymde av vatn.


– Her burde me hatt betre fottøy, seier ein av pasientane på venterommet. Foto: Kjetil Rydland.

Dermed opplevde me noko så sjeldan som full stans på legekontoret, og ein kø som me ikkje har sett maken til sidan 1982. Men det tok berre ein time før arbeidet gjekk sin vante gang igjen. Augnevitne på venterommet fortel at det gjekk berre få minutt før vaktmeisteren og folk frå Fitjar brannvesen var på plass med eigna utstyr til å suga opp det uønskte vatnet.

Etter ein våt og hektisk time var legekontoret til liks med resten av rådhuset fullt operativt igjen, og me hadde fått eit nytt døme på at beredskapen i Fitjar er bra.