Hege Myklebust kjem til Fitjar.

Fitjar Mållag har gleda av å invitera til ein spanande kveld med tidlegare leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust, som gjest.

Måndag 6. mai kl.19.00 på Fitjar seniorsenter, ved Fitjar kultur- og idrettsbygg, kjem Myklebust på besøk til oss, skriv det lokale mållaget i ei pressemelding.

Hege Myklebust har tidlegare vore leiar i Noregs Mållag. Ho sit i dag som leiar i Stord Mållag, og er svært engasjert i nynorskfestivalen Falturiltu. Vidare arbeider ho ved Høgskulen på Vestlandet, campus Stord, der er ho førsteamanuensis.

I fjor tok ho ei doktorgrad ved NTNU. Avhandlinga har tittelen «Spor av dei andre. Adressivitet i argumenterande elevtekstar». Temaet her er argumenterande skriving i ulike skrivesituasjonar, og korleis tekstar viser spor av dei forventa lesarane på ulike måtar. Den overordna problemstillinga i avhandlinga er; «Korleis kjem det adressive aspektet til uttrykk i ytringane til elevar (i vidaregåande skule) når dei skriv argumenterande tekstar i to ulike skrivesituasjonar?»

Avhandlinga er sett saman av tre vitskaplege artiklar og ei kappe. Funna frå artikkel 1 dreier seg om elevane sine refleksjonar kring val av skriftspråk. Kring halvparten av elevane, som har nynorsk som hovudmål, valde å skriva bokmål då dei skulle skriva i opne, digitale diskusjonsforum, og i artikkel 1 svarar elevane på om og i så fall korleis dei tenkte mottakarane er med på å påverka valet av skriftspråk.

Artikkel 2 handlar om korleis elevane posisjonerer seg i høve til dei tenkte mottakarane, og om tekstane opnar for andre synspunkt enn det skrivaren sjølv set fram.

Funna i artikkel 3 viser at elevane brukar andre typar argument når dei diskuterer i eit ope forum enn når dei skriv til læraren. Dette tyder på at den forventa lesaren er med på å forma teksten også på dette nivået.

Kvifor valde elevane å skifta målform? Møt opp og høyr Hege Myklebust fortelja om dette!

- Annonse -

Me er so heldige at me har fått stønad i frå Fitjar Kraftlag til hendinga, so hendinga er gratis og open for alle.

Det vert kaffi og noko å bita i!

Me i Fitjar Mållag gler oss til denne hendinga, og håpar mange tek turen!