Fitjar småbåt og fritidsservice har kontrakt med Yamaha og har no levert den første utanbordsmotoren

Den første motoren som blei seld av firmaet var ein 40 Hk 4 takts utanbordsmotor. Kjøparen, Per Lunde frå Stord, har hytte og båtplass i Hellandsfjorden. Han er godt nøgd med den nye motoren. Enno er det innkøyring som gjeld, så full fart må venta nokre timar til.
Oddvar De Fine og Arnt Helland hos Fitjar småbåt og fritidsservice har vore på kurs for å kunne gjera naudsynt vedlikehald på Yamaha sine motorar. De fortel at dei minste motorane vil vera på lager. Dei største vil det vera nokre få dagars leveringstid på.
For tida er det full fart med klargjering av båtar for sommaren.