I store delar av landet vårt reknast mars som den første vårmånaden. Det mangla heller ikkje på vårteikn då me var ein runde for å sjå etter dei i dag.

Snøklokker fann me mange plassar. Dei me tok bilete av er i frå plenen på kyrkjegarden. Like ovanfor, i bedet ved parkeringsplassen til Fitjar bedehus, knipsa me nokre nydelege, lilla krokusar og i hagen til Reidun og Karsten Heradstveit på Fitjarstølane fann me påskeliljer i full blom.

Me såg òg nye skot på både rosetre og rhododendron i vår eigen hage.

Og så det vêret. Det er slike dagar ein får lyst til å ta til med hagearbeid.

Bileta kan du sjå nedanfor. Du får dei store ved å klikke på dei. Alle foto: Håkon C. Hartvedt

Send oss gjerne bilete om du òg har knipsa vårteikn.