Ordførar Agnar Aarskog fekk i sin siste offisielle oppgåve som ordførar, før Harald Rydland tek over, prøva seg i gravemaskin.

Det skjedde klokka 10.00 i dag då han med gravemaskin frå Engevik og Tislevoll AS fekk ta det første "spadestikket" på det nye byggefeltet.