Førstkomande onsdag er det igjen songstund på Cafe Annemor. Den første i 2011. Som vanleg er det Lars, Jakob og Håkon som står for opplegget. Ein syng ein halv time, så blir det ein halv time med mat og kaffi, så syng ein igjen ein halv time til slutt. Alle som likar gode, gamle songar er velkomne. Det startar kl. 18.30.