Sjølv om snøen er meldt i vervarslinga, kjem han ofte uventa og ulagleg første gongen.

Datoen er 21. oktober og me vakna til snødekt mark. Eg skunda meg ut for å ta bilete og tenkte at dette varer ikkje lenge. Men i skrivande stund laver det ned. NRK Hordaland oppfordra folk til å la bilen stå i dag viss han ikkje er vinterskodd, og det gjeld svært mange. Heller ikkje i hagen er alle førebudd på snø. Skaugumane har blomstra så fint til dessar, kanskje fordi dei står lunt inntil ein annan sort. Knollane toler ikkje frost, så no må dei takast inn. Andre blomar får stå der og blomstre så lenge dei kan. Fine er dei sjølv med snøkåpe på.

Som barn gledde me oss alltid då snøen kom og vona på skiføre. Men kven tenkjer på ski og snømåking alt no ?