Svært mange bønder vart ferdige med siloslåtten før regnveret kom, og nokre av dei hadde lange arbeidsdagar sist veke.

Bøndene gler seg over godversdagar før og under slåtten. Graset er lettare å hauste når det ikkje er vått, og avlinga har betre kvalitet. På myrlendt jord ser ein lite spor etter tunge traktorar og anna utstyr. Grasmengda er litt varierande; veksten stoppa litt opp somme stader på grunn av mangel på nedbør, mens andre seier seg godt nøgde. Best avling får ein ved å slå når graset begynnar å skyte. Bøndene i Fitjar nyttar seg av fleire haustingsmetodar: direktehausta gras eller fortørka gras som vert lagt i silo eller rundballepressa. Sjeldan ser ein hesjing på gammalt vis.                            

Nokre av dei som ikkje var ferdige med slåtten fredag kveld, tok pause i går. Andre var nødt til å forhauste i regnveret fordi graset var slege og låg til fortørking. Slik bør det ikkje liggje lenge når det regner. Kraftige regnbyer har ført til legde på uslått gras.

Regnet som kom denne helga er eigentleg svært kjærkome, og meir trengst det for å få fart i grasvoksteren att. På nysådde attlegg er det nødvendig med regn for å få god spiring og vekst.

På ein av gardane nær sentrum var gardbrukaren alt på plass med spreiing av husdyrgjødsel i går. Det gir god effekt med regn når gjødsla er spreidd. «Godlukten» ved gjødselspreiing er det ikkje noko å gjere med. Den toler fitjarbuen.