Elevar og lærarar ved Øvrebygda skule hadde ei fin opning av skuleåret ved flagg-stonga i dag tidleg.

Elevar og lærarar ved Øvrebygda skule hadde ei fin opning av skuleåret ved flaggstonga i dag tidleg. Rektor Sigbjørn Aarland hadde ei ekstra helsing til dei nye elevane.

Seks førsteklassingar med nye ranslar hadde ingen problem med å stille opp i lag med alle dei andre elevane. Men det var nok trygt å vite at mamma eller pappa stod i nærleiken. Det såg likevel ut som dei følte seg litt heime alt, for dei hadde jo vore på førskuledagar i mai. På rad og rekke gjekk elevane til kvar sine klasserom saman med kontakt-læraren sin. Første klasse får fem timar åleine kvar veke. Resten av tida skal dei vere saman med sjuåringane i andre klasse.