Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Fitjar har no fått registrert det første smittetilfellet av Koronaviruset i Fitjar sidan 11. april.

I ei pressemelding frå ordførar Harald Rydland kjem det fram at personen er blitt smitta under opphald utanfor kommunen. Det er gjennomført smittesporing, og kartlegginga tyder på at smitten er under kontroll. Vedkommande som er smitta er sett i isolasjon og nærkontaktane er i karantene.

Han understrekar at sjølv om Fitjar no står registrert med 10 smitta sidan pandemien byrja, betyr det ikkje nødvendigvis at desse 10 bur i kommunen.

– Dei som er smitta vert i den nasjonale registreringa oppført i den kommunen dei er folkeregistrert. Dette kan føra til at t.d. studentar vert registrert på smittestatistikken til heimkommunen, sjølv om dei oppheld seg og har vorte testa i ein annan kommune.

– At me i Fitjar kommune ikkje har fått påvist lokal smitte frå 11. april og fram til no tyder på at innbyggjarar, næringsliv, lag- og organisasjonar, samt hyttefolk, har slutta godt opp om den nasjonale dugnaden, og vore flinke med smitteverntiltaka. Frå kommuneleiinga vil me retta ei stor takk for innsatsen og seia «hald fram som de stemner»,slik Håkon den Gode ( iflg. Snorre Sturlason ) uttrykte seg i slaget på Fitjar i år 961. 

Ikkje eigne tiltak

Ordføraren fortel at dei ikkje innfører eigne koronatiltak i kommunen for no.

– So lenge me ikkje har smitteauke følgjer me dei nasjonale retningslinjen. Eg oppmodar alle til å ta del i «koronadugnaden», og minnar særleg ungdomen om at dei har ei viktig rolle i å unngå smitteoppblomstring. Eg rår alle til å ha færre nærkontaktar i vekene framover.

Rydland minner om dei nye nasjonale retningslinjene om at ein ikkje bør samla meir enn 5 personar i tillegg til husstandsmedlemmar i private heimar, hagar eller hytter.

Private samankomstar på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale skal ha ei grense på maksimalt 50 deltakarar. Grensa for offentlege arrangement er framleis 200 personar under føresetnad om avstandskrav på 1 m.

Ber idretten vera forsiktig

– Idretts- og kulturaktivitetar kan føregå som no, men smittvernlegen i Fitjar frårår deltaking av tilreisande lag frå stader med høg smitte (til dømes frå Stord eller Bergensområdet).

Eksisterande besøksrestriksjonar på FBB vert oppetthalde, og vert tilrådd på omsorgsbustadar i kommunen.

Fitjar kommune opprettheld smittvernvedtaket om karantene i 10 dagar for tilsette i helsetenesta og for barn i barnehage og skulen som har vore i utlandet.

Import av arbeidskraft:

Fitjar kommune ved smittvernlege har tett kontakt med og oppfølging av bedrifter med import av utanlandske arbeidarar.

Arbeidarar frå raude land skal ha 10 dagar karantene og bu i einerom i karantenetida. Ved bruk av felles felles kantine skal avstanden vere minimum 2 meter, både ved servering og ved borda.

Fitjar kommune sitt vedtak for Fitjar Mekaniske Verkstad AS frå 25.03.20 er framleis gyldig.