Foto: WHI

– Det første tilfellet av koronasmitte i Fitjar kommune er no påvist, melder rådmann Olaug Haugen i ei pressemelding frå kommunen.

– Saka er av ein slik art at det set kommunen i ein krevjande situasjon. Den som er smitta har sitt arbeid på Fitjar bu- og behandlingssenter, og var på arbeid der førre helg. I løpet av helga vart vedkommande dårleg, og ho har ikkje vore på jobb etter dette. Testing for koronasmitte vart gjennomført. I ettermiddag kom resultatet av testen som viste at vedkommande er smitta.

Isolert i einerom

Fitjar bu- og behandlingssenter er den einaste sjukeheimen i Fitjar. Romma er fordelt på to avdelingar, ein for demens og ein for somatisk. Den tilsette som er koronasmitta har berre vore i arbeid på somatisk avdeling, opplyser kommunen.

– Fitjar kommune har etablerte smittevernrutiner, og oppdaterte planar for smittevern og pandemi. Desse er i bruk som grunnlag for det vidare arbeidet. Smittverntiltak i tråd med FHI sine krav gjennomført i kveld: Tilsette som har vore i kontakt med den smitta er sett i karantene, pasientar får si behandling isolert til sine einerom, smittesporing pågår, skriv rådmannen.

Fitjar bu- og behandlingssenter. Foto Ragnhild Prestbø

Haugen fortel at alle bebuarane som bur på same avdeling som der kvinna jobbar no er sett i isolat på romma sine.

– Dei ho har vore i konakt med er avgrensa til ei avdeling med ti tilsette, og tre tilsette som var på jobb samtidig som ho. Dei tilsette er sett i heimekarantene, og dei ti brukarane er også sett i karantene.

Dei 10 bebuarane vil ikkje få høve til å forlata romma sine framover.

– Dei har einerom og får si behandling inne på romma. Dei vil ikkje ha tilgong til fellesareal, og dei har eit slags isolat inne på romma sine. Det betyr at våre tilsette brukar fullt smittevernutstyr når dei beveger seg rundt på avdelinga og inne på romma. Dette er for å hindra smitte begge vegar, både frå tilsette og frå brukarar.

Olaug Haugen.. Arkivfoto: Harald Johan Sandvik

– Vil få ein ordinær kvardag

Ho understreker at dei tilsette gjer det dei kan for at bebuarane ikkje skal bli prega av å vera isolert i 9 dagar til på romma sine.

– Brukarane får ein heilt ordinær kvardag med god omsorg og pleie. Dei skal vere der fram til 14 dagar frå den tilsette var der, og allereie no er det gått fem dagar. Så er det viktig for oss å sikra at me har nok smittevernutstyr i tida som kjem, og det har me no.

– Vil desse 10 brukarane og dei tre kollegaene bli testa?

– Sånn eg forstår det så vil dei som viser symptom av dei tilsette verta testa. Ellers vil dei vera 14 dagar i karantene heime. Så vidt eg veit trur eg ikkje at brukarane vil bli testa.

– Kor alvorleg er denne situasjonen?

– For oss så er det alvorleg på den måten at eldre menneske er ei sårbar gruppe, og ein av dei gruppene som er mest utsett i dette koronavirusutbrotet internasjonalt. Me har jo hatt sjukeheimen stengt for besøk frå 12. mars, og det er jo nettopp for å skjerme brukarane. Så for oss er dette alvorleg.

– Fitjar kommune har ein smittevernlege i ei 2 prosent stilling. Klarar de å ta hand om dette problemet med ein slik ressurs?

– Etter at det vart eit nasjonalt utbrot med koronavirus så styrka me smittevernlegen si stillingsressurs. I dag er det ikkje stillingsavgrensing på han sitt engasjement. Me har smittevernlege på plass, og er i dialog med fylkeslegen. Me kjem til å retta ei henvendelse til Stord kommune sånn at me kan få meir støtte og fagleg rettleieng i ein sånn situasjon, seier Fitjar-rådmannen.