Haugesund sjukehus Foto: Jan Kåre Ness / NTB / NPK

Ein av dei koronasmitta pasientane på Haugesund sjukehus døydde måndag kveld.

Det var ein pasient i aldersgruppa over 65 år.

– Dette er det første koronarelaterte dødsfallet i Helse Fonna sidan pandemien starta, melder kommunikasjonsdirektør Magne Kydland i Helse Fonna.

Tysdag morgon var det innlagt fem pasientar med påvist covid-19 i Helse Fonna. Alle er innlagde på Haugesund sjukehus, og ein av desse får intensivbehandling. Det er ein pasient i aldersgruppa 18-64 år.

På Stord sjukehus er det ingen koronapasientar som er innlagt.

Totalt er 85 medarbeidarar i Helse Fonna i koronarelatert fråvær, og føretaket har frå og med denne veka redusert litt på planlagt drift, for å ha kapasitet til å ta imot fleire koronapasientar.

– Helse Fonna ber også om at pårørande unngår å komme på besøk, men understrekar at det er viktig at pasientar møter opp til timane sine, så lenge ein er frisk og ikkje har symptom, skriv Kydland.