Fredag ettermiddag startar A-laget heimekampane i årets 5. divisjon, med prestisjeoppgjer mot Halsnøy.

Tradisjonelt har Halsnøy vore ein tøff motstandar å møta så lenge Fitjar har hatt lag i serien. Og Fitjar-trenar Kjell Træet reknar ikkje med at det blir noko unnatak denne gongen. Han ser ikkje bort frå at det blir ein skikkeleg knokkelkamp mot sterke halsnøybuar.

Kjell seier hadde føretrekt å møta dei på den store grasbanen, og der det sikkert hadde blitt lettare å få pasningsspelet til å flyta. I den første seriekampen i år, mot Erdal på Askøy, konrollerte Fitjar store delar av kampen med å halda ballen i laget. Pasningsspelet var noko av det finaste me har sett av Fitjar på mange år, og Kjell håper å få til noko liknande i morgon.

Men det må bli på kunstgraset. Som kjent blir ikkje grasbanen klar på ei stund enno, etter den kaldaste våren i manns minne. Kjell reknar med å stilla med fullt mannskap i morgon, bortsett frå på ein plass. Kjell André Thorland var uheldig og fekk ein skade på treninga i går, og blir truleg borte i vel ei veke. Men elles reknar Kjell med å stilla med dei beste folka sine, og dersom pasningsspelet glir slik det skal, bør det vera bra nok mot innsatsvillige halsnøybuar.