Dei tre siste nettene i august vert kalla jern-nettene, men det er sjeldan nokon nemner det i dag.

Frå gammalt av rekna ein med at det kunne bli frost på den tida. Me kjenner at det har blitt kjøligare nattestid. I går viste gradestokken 7 gr. tidleg om morgonen, men frost ventar me slett ikkje. Det seiest at 1. september, som vart kalla kvernknarren, varsla korleis haustveret skulle bli.. Fint ver den dagen skulle føre til tørke og lite vatn for kverna. Dagen er merka med ein kvernstein på primstaven.

Sommaren er på hell og mange snakkar om veret som ikkje vart så varmt som ein skulle ønskje. Litt mykje nedbør og dermed mindre sol har ført til at bæravlingane ikkje har vore på topp. Korleis blir det då med frukt i hagane våre ? Plommer toler som oftast ikkje mykje vind og regn. Dei aplane som no har raud og fin frukt høyrer kanskje med blant sommarepla.

Etter kvart er det og tid for å hauste det som veks i åkeren. Sjølvdyrka blomkål har vore på middagsbordet ei tid. Kålrota veks godt når kveldane mørknar, så den får stå lenger. Potetene får stå i åkeren 2 – 3 veker til.

Også denne hausten ser det ut til å vere mange nøtter på hasseltrea. (Nokon seier hassel er ein busk). Me fann ein klase med 12 nøtter her ein dag. Det er sjølvsagt for tidleg å plukke nøtter med tanke på lagring til jul.  Forresten, det er vel for lengst slutt på å ha «kortreiste» nøtter til julegodt ? Nokon minnest ungane sine sjølvplukka «netar» som skulle etast i jula. Det hende dei vart oppetne utan å vere heilt mogne. Dermed måtte ein kjøpe slikt juleknask hos Larsen eller på filialen i Øvrebygda.

Ta deg ein tur ut når sola skin og sjå kor mange nøtter du finn i ein klase.