For første gong i haust måtte A-laget gå poenglause av banen, då dei tapte den jamne heimekampen mot Rosendal med 0-1 laurdag ettermiddag.

Etter to sigrar og ein uavgjort kamp så langt i haust, blei det ein liten nedtur laurdag, då Fitjar måtte sjå Rosendal stikka av med alle tre poenga. Marginane var ikkje på Fitjar si side; kampen var jamn og kunne like gjerne ha vippa Fitjar sin veg. Fitjar har hatt for vane i haust å ha bra kontroll på midtbanen; det hadde dei også i dag. Men Rosendølane hadde mykje rutine i laget, og eit godt kjempande forsvar hindra Fitjar-scoring.

Dermed blei scoringa til spelande trenar hos Rosendal, Lars Johan Myklebust, på slutten av første omgang avgjerande. Rosendølane reid av den eine stormen etter den andre. Og hadde sjølv fleire sjansar til å gå opp til 2-0. Men kampen ebba ut med 0-1, etter hektiske sluttminuttar. Fitjar-trenar Stein Gunnar Halleråker konstaterte at det unge Fitjar-laget spelte ein ny bra kamp, men at dei saknar sårt ein skikkeleg målscorar.