Den første fitjarturnering i golf gjekk av stabelen på Prestegarden golfbane laurdag 4. juni. 14 deltakarar var med i det fine vêret.

11 mann konkurrerte i klassen for herrer og 3 i klassen for damer. Det vart konkurrert i konkurranseforma «stableford», dvs. med handicap.

Vinnarar vart Gjert Olsen i herreklassen medan Solveig Lie vart best mellom damene.

I tillegg vart det konkurrert i «nearest to pin» og «longest drive».

Vinnar av «nearest to pin» vart Geir Bjarte Hatlevik. Ballen hans hamna om lag 170 cm frå flagget etter eit slag på rundt 95 m.

Ketil Fykse vant «longest drive» med eit slag på ca 200 m.

Arrangørar av turneringa var Gunvald Olsen, Kenneth Trovåg, Ketil Fykse og Gjert Olsen.

– Me vil prøva å få til ei liknande turnering neste år og håpar at endå fleire golfinteresserte fitjarbuar har høve til å vera med då, seier arrangørane til slutt.