Det blei ei flott helg for Fitjar Racing Team i Vikedal, med siger i bilcross for Oliver André Matre, og mange andre pokalar.

«Blånissane» frå Fitjar gjorde det betre enn på mange år under bilcross- og rallycrossløpa i Vikedal i helga. Best av alle blei Oliver André Matre, som kunne henta heim tre pokalar. I parallellkøyringa laurdag fekk han andreplassen, og i går køyrde han inn til sin aller første siger i bilcross senior. I tillegg blei det ein pokal for andreplass samanlagt i NMK Vikedal Cup.

Oliver har køyrt fleire A-finalar og kjempa om sigeren før, så det var eigentleg ingen sensasjon at han skulle gå heilt til topps. Men han er sjølvsagt svært så fornøgd med endeleg å lukkast. Racingteamet er nesten like fornøgd med sensasjonsmannen Håvard Dalen, som køyrde inn til tredjeplass i sin første A-finale nokon gong.

A-finalen denne gongen blei sterkt dominert av dei blå og sølvfarga bilane til Fitjar Racing Team. Håvard Dalen låg på ein beskjeden 15.-plass etter dei innleiande heata, men det var nok til å få starta i ein av dei tre semifinalane. Her gjekk han like godt bort og vann, og dermed stilte han i første spor i A-finalen. Oliver vann sin semifinale, og starta finalen i andre spor. Tredjemann i blått og sølv var Joar Torsen frå Bjoa.

På grunn av eit bilvelt med personskade blei A-finalen raudflagga før mål. Sluttresultatet blei då sett opp etter plasseringane på det tidspunktet løpet blei stoppa. Oliver leia, og kunne dermed innkasssera sin første siger i bilcross senior. Håvard Dalen blei nummer tre, bak Sondre Hundseid Eikeland, også han frå NMK Vikedal. Joar Torsen låg sist, og fekk sjetteplassen.

Dei andre «blånissane» i bilcross nådde ikkje opp denne gongen, men Terje Heggøy er svært oppglødd etter eit flott comeback. Han blei slegen ut i semifinalen, men seier seg strålande fornøgd med 14.-plass totalt, av 36 startande i bilcross senior. Verre gjekk det med son hans, Jonas Heggøy. Han kvalifiserte seg for finalen, men den fekk han ikkje køyrt. Bilen blei nemleg «torpedert», og det blir mykje arbeid å få den i køyrbar stand igjen.

I rallycross gjorde Håvard Helland det som vaneg best at Fitjar-førarane. Paul Vik fekk motoren med direkte innsprøyting til å fungera fint denne gongen, men andre tekniske problem gjorde at han ikkje nådde heilt opp. Håvard må derimot seia seg fornøgd med andreplassen i parallerace laurdag og tredjeplass i VM-runden søndag. A-finalen i rallycross blei ikkje avvikla på grunn av personskaden i bilcrossfinalen. Håvard låg på tredjeplass etter innleiande rundar, og det blei bestemt å la stillinga før finalen bli den endelege resultatlista. Dermed blei det tredjeplass i går, og i tillegg kunne Håvard smykka seg med ein laurbærkrans for siger samanlagt i NMK Vikedal Cup.

Det er nok ikkje utan grunn at veteranen Ole Vidar Helland grev bakover i historia for å finna sist gong ein førar frå Fitjar Racing Team vann ein A-finale i bilcross senior. Han må heilt tilbake til 1989, og vinnar den gongen var han sjølv!