Vesle Marius Kongestøl Vik (3) var den første som fekk fisk i bryggjekonkurransen for juniorane.

Gøy å få fisk var det visst òg. I alle høve heldt Marius godt tak i fisken. Litt kry var han nok òg der han synte han fram for arrrangørane.

-Det gjekk i det heile svært greitt, seier pappa, Terje Vik, og fortel at det berre gjekk to minutt før fisken sat på kroken.