Første dag av SPAR Fitjar Cup blei ei strålande oppleving både for små og store. Over 300 jenter og gutar fødde i 1998 og 1999 møttest til dyst på ei flott grasmatte i Fitjar laurdag.

Første dag av årets SPAR Fitjar Cup blei ein suksess. Veret var ideelt, godt over 20 grader i skuggen. Ein svak bris frå nord gjorde at det ikkje blei altfor varmt. For dei som likevel syntest det var for varmt, var det berre å kjøla seg under spruten frå brannslangen som blei lagt ut eit par gonger.

Sjølve arrangementet gjekk knirkefritt – arrangementskomiteen er svært fornøgde med føste dag. Kampane blei avvikla presis, dei unge dommarane – 14 og 15 år gamle – gjorde ein kjempejobb. Spelarane gjorde ein kjempejobb – og foreldre og besteforeldre møtte mannjamt opp. Så er det berre å håpa på ein like flott søndag. At det er meldt litt kjølegare ver, gjer nok ingen ting.

Fitjarposten kjem tilbake med referat frå heile turneringa.