Førstkomande helg skal Fitjar skyttarlag arrangere det første av tre «Sunnhordlandstreff» i skyting. Eit heilt nytt dataanlegg skal òg testast ut.

-Dette er første gong på over 30 år at Fitjar skyttarlag står som arrangør av ein slik banestemne, seier Gisle Vik som står i spissen for arrangementet.

Noko pinglestemne er det heller ikkje. Nær 200 skyttarar er ventande, og det skal skytast i alt frå aspirant- til høgste veteranklasse. Både på 100 m og 200 m.

Spennande er det om det nye, utruleg spennande dataanlegget vil fungere som det skal. Anvising med stav direkte frå grava ved blinkane er det slutt på. No vert skotet til den einskilde registert umiddelbart, og kjem opp på storskjerm i klubbhuset, der folk kan sitje og følgje med. Utruleg publikumsvennleg.

Skyttaren sjølv har ein liten berbar PC-monitor ved sida av seg og kan sjekke resultatet sitt der, etter kvar serie.

Under testskyting med bruk av anlegget i går, fungerte alt optimalt heilt til ein fekk problem med anvisinga på 200 m.

– No jobbar me med å få det i orden til helga, seier Gisle Vik til slutt.

legal steroids pills