Som første TV- og bredbandsleverandør i Norden let  Altibox kundane kjøpe filmar og seriar som kan sjåast på både mobile skjermar og TV. Kundane til Fitjar Kraftlag kan dermed sjå det aller nyaste innhaldet frå Hollywood på den skjermen dei ønskjer.

– Kundane våre har etterspurt løysingar som gjev dei sin eigen mobile kino. No kan me endeleg tilby dei akkurat det. Ei løysing som let dei sjå filmar akkurat når og der dei vil. På flyet, på hytta eller i bilen, seier Edmund Helland, leiar for breidband i Fitjar Kraftlag.  

 Kundane til Fitjar Kraftlag kan velje mellom fleire tusen filmar og seriar som kan kjøpast eller leigast i filmportalen.

 – Med mogelegheita til å eige innhaldet får filmkundane fridom til å ta med seg filmen og sjå den på skjermen dei ønskjer, utan å vere avhengig av trådlaus- eller mobildatadekning under avspeling, sier Edmund Helland.  

 
Altibox var først i Norge med å lansere TV-straume-teneste for både PC og Mac i 2011, og deretter for mobile einingar i 2012. I løpet av 2015 vil Fitjar Kraftlag starte utrullinga av neste generasjons TV- og opptaksdekodarar frå Altibox med ei rekkje nye funksjonar som betrar tv-kvardagen.  
 
 
Funksjonar i Altibox TV Overalt: 
 
 Kjøp film og seriar og last dei ned på mobil eller nettbrett (ny).  
 
 Leig film og seriar frå kor som helst med tilgang til fast, trådlaus eller mobil dataoverføring. 
 
 Sjå TV i eige trådlaust nettverk utan pålogging (leige og kjøp av innhald krev innlogging).  
 
 Start TV-programma frå byrjinga. Bruk tidslinja til å spole fritt i dei fleste TV-kanalane opptil tre timar tilbake. 
 
 Fjernstyr PVR-dekodaren frå kor som helst. 
 
 Bruk telefon eller nettbrett som fjernkontroll både innanfor og utanfor heimenettverket.  
 
 Spole tilbake – inntil tre timar tilbake. Sett TV-innhald på pause. 
 
 Ha to samtidige, pålogga brukarar av Altibox TV overalt innanfor det trådløse heimemenettverket. 
 
 Sjå lokal-TV utenfor hjemmenettverket.