Med to nye italienske målerobotar er J. Fjeldtvedt AS på Sjoarreset på Fitjar den første vindaugsfabrikken i Noreg som har teke i bruk denne hypermoderne teknologien for å måle vindauge.

Dagleg leiar J. Fjeldtvedt fortel at lakkeringsdelen i produksjonen lenge har vore ein falskehals for bedrifta.

– Med dei nye målerobotane vil kapasiteten på lakkeringa auke med 80 prosent. Dermed vert det mykje betre samsvar mellom lakkerings- og monteringskapasiteten, seier han.

Lakkeringsdelen var den tyngste delen i produksjonslinja. Ikkje rart at dei tilsette ønskjer dei to robotane varmt velkomen. Dei har òg på hyggeleg vis halde avstemming og gjeve dei namna Roberta og Berta.

Robotane er elles heilautomatisk oppbygd. Dei både vaskar seg sjølv, byter farge og tilpassar målarjobben til det einskilde vindauget dei skal måle. Maskinane målar òg jamnare enn vanlege menneske.

Programvara som vert nytta i denne samanhengen, har J. Fjeldtvedt AS sjølv utvikla.

– Kvart vindauge går gjennom ein skannar. Robotane tilpassar så det heile etter dei opplysningane som er skanna inn om kvart einskilt vindauge når dei målar, opplyser Fjeldtvedt til slutt.