Bilistar som køyrer strekninga mellom Fitjar og Dåfjorden forsøplar som aldri før.

På begge sider langs vegen frå Fitjar til Dåfjorden ligg det flasker, plast og anna avfall. Dette blir kasta ut av vindauga på bilar i farta.

Bjørnar Løkstad, konstituert leiar i Stord Fitjar Landbruks- og miljøkontor, synes det er veldig uheldig.

– Særleg på strekninga mellom Fitjar og Dåfjorden. Det er ikkje lange vegen til gjenvinningsstasjonen der, så folk kan heller stikka innom SIM, seier Løkstad.

Spesielt mykje søppel ligg det på strekninga mellom Rydlandssago og SIM i Svartasmoget.

Fitjar kommune har ingen som er spesielt tilsett for å rydde søppel langs vegane i kommunen.

Men Løkstad fortel at det blir rydda når det er behov for det. – SIM arrangerer ryddeaksjonar, det gjer også lokallag, seier han. 

Ved større tilfelle av såkalla «dumping» tar kommunen affære, og prøver å få tak i den/dei som har forsøpla. Gjerne i samarbeid med grunneigar der det blir dumpa avfall.

Kva trur du er årsaka til at folk kastar søppel ut av vindauga når dei køyrer?

– Me ser ofte at når fyrst nokon gjer det, så er det lettare for andre. Terskelen blir lågare, seier Løkstad.

Han vil oppmode bilistar til å slutte med forsøplinga. – Dette går på vanleg folkeskikk. Og bruk gjenvinningsstasjonar viss du har større avfallsmengder.