Rebekka, Thea og Olga frå Rimbareid skule og Kristina og Malene frå Sælevik skule fekk prøve seg som forskarar på HSH sitt Forskingstorg måndag denne veka.

– Studentar og tilsette på høgskulen hadde lagt opp til mange ulike forsøk, leikar, konkurransar og aktivitetar både inne og ute, fortel informasjonssjef ved Høgskolen Stord/Haugesund, Svein Ove Eikenes, og fortset:

– Årets nasjonale Forskingsdagar har temaet ”Hav og vatn” – eit tema som passar godt for vår region. I tillegg til HSH var følgjande verksemder med på Forskingstorget på HSH: Engesund fiskeoppdrett, Apply Leirvik, Polytec og Vil Vite senteret i Bergen. I år samla Forskingstorget på høgskulen heile 370 elevar i 6.-klassane frå Stord og Fitjar. Det er ny rekord.