Først 50 år etter vart det teke bilete av konfirmantane som vart konfirmerte i Fitjar kyrkje 13. september 1959.

Søndag, på datoen 50 år etter, var dei feira som 50 års-konfirmantar, og då vart òg biletet teke. –Eg veit ikkje heilt sikkert kvifor det ikkje vart noko av fotograferinga i 1959, men truleg hadde det samanheng med at me var det første kullet i Fitjar som sokneprest Einar Tuvin følgde heile tida, og kanskje var han ikkje klar over at det var tradisjon å ta bilete?, seier Edel Johanne Sørvik til fitjarposten.no.

Ho minnest elles at dei hadde undervisning i kyrkja kvar onsdag frå april. Og at det vart onsdagen hadde sin grunn i at det var då skyssbåten ”Gundvor” gjekk i rute frå øyane og inn til Fitjar sentrum. For Edel som budde i Brandasund  tok turen tre timar kvar veg. –Båten gjekk jo innom Aga, Brakedal, Hatlevik og Engesund i tillegg til at ein tok opp folk som kom skyssbåten i møte med småbatar, forklarer ho.

Me får vidare vita at sommaren 1959 var svært varm og at dei hadde lekser til kvar undervisningstime, oppgåver som dei fekk karakter på!

Av 1959-kullet på rundt 50 konfirmantar møtte 30 i kyrkje på søndag.