Då handballjentene våre kom heim på 2. påskedags morgon, hadde dei fleire tap med i bagasjen. Men det var fornøgde jenter – og ein fornøgd trenar – som kom heim, melder Bengt Monry Olsen. I B-sluttspelet på påskeafta blei det tre strake tap. Det første kom mot TUS 97 Bielefeld frå Tyskland, med så klare siffer som 9 – 20. Ifølgje trenaren var det ein dårleg kamp, altfor tidleg på dagen for jentene. ”Nesten normalt for ein tidleg kamp”, seier Bengt Monry. Dei to siste kampane var mykje betre, med god innsats og godt humør. Mot Øresund Håndbold 1 blei det tap 14 – 8, og mot HIF tapte dei berre med 3 mål, 14 – 17.

Bengt Monry fortel at dei alt i alt er vel fornøgde. Dei fekk prøvd ut nye formasjonar og følte dei utvikla seg. Det var derfor med godt samvit dei avslutta opphaldet i Holstebro med disco på påskeafta, før dei reiste heim søndag morgon. Med mange nye erfaringar i bagasjen.